onsdag 18. mars 2015

En prosess eller en ufo?

Denne har tatt si tid. Det står på ravelry at han blei starta på i januar 2014, litt over eit år sida. Ikkje riktig årgangsprosjekt enda..
Da eg fann han fram igjen no i vinter starta eg med å rekke opp nesten heile bolen. Og bytta til tynnare pinnar.
Da eg starta hadde eg ein klar idé og kom fort igang og var nøgd med det eg hadde strikka. Ferdig med armane, fri for garn. Heile prosjektet blei liggande. Nytt garn, nytt forsøk. Ikkje heilt nøgd med erma. Litt for mykje puff. Hmm.. Plukke opp på nytt, felle litt, trekvart erme, felle, prøve.. Kort eller lang, kva er best.
Så vart eg ferdig på nytt, og prøvde han på. Mmmja, for langt bærestykkje. Det såg ut som om eg hadde fått hengepuppar.
Og da var undringa, orkar eg å rekke opp bolen ein gong til. Nja, ikkje heilt. Det må jo gå fortare å klippe og rekke opp og maske isaman igjen. Trur eg, håpar eg. Eg prøvar.
Det ser ikkje heilt ut som ein genser no... men snart. Eg lovar. Heilt sikkert.
Eg maska han i hop og no er han heilt perfekt. Eg manglar enda å vaske han, eg vurderte faktisk å ta han i bruk utan å vaske han først.  
Eg er spesielt nøgd med ermane og fellinga under bysten. Ja, og lengden, han er litt lang. Genseren er ein lettvektar, veier berre 250 gram.
Sånn blei han. Strikka av 100% ull fra Tines og Kauni. og forma med auking, felling og skifte av pinner. Sjå meir her
 
 
A process or an UFO?
This one has taken some time. Ravelry says I started January 2014. I had a vision, knitted away and was happy with my work. Until I ran out of yarn. New yarn, new try.
 
And then came all the work and rework... Not happy with arms, I unravelled and started over. Body came out wrong. I had to unravel and knit it over with thinner needles. Tried it on and something was wrong with the yoke, to long over the bust. Unravel or magically fix...? I ended up with cutting it, unravel a bit and stitch it together again.
 
Finally perfect. Nice arms, nice length and light, only 250 grams.knitted with wool from Tines and Kauni. 

6 kommentarer:

  1. Nydelig topp! Så flink du er som kan lage sånt på egenhånd!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Tidkrevende, mye frem og tilbake og veldig artig å bli ferdig.

      Slett
  2. Så flott gensar i ein fin farge og fasong :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, eg blei godt nøgd tilslutt. Han har vore i bruk siden han blei vaska.

      Slett
  3. Den ble jo kjempeflott, herlig farge! Ha en fin lørdagskveld hos deg!

    SvarSlett

Jeg leser og setter stor pris på alle kommentarer.
I read and appriciate every single comment.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...