mandag 26. mars 2012

Verdien av ting

Alle ting har ein verdi. Men kva for verdi har dei ulike tinga. Og kven skal setje verdien på dei. På dette biletet er det ein prestekrage, liten og tufs, fordi ei lita hand har plukka han og bært på han. For meg betyr han mykje, det er den fyrste blomen storebror har plukka åt meg. For andre ser han kanskje berre sliten og tufs ut.

Vi jobbar mellom anna med nynorsk, og det er ikkje alle elevane som klarer å sjå verdien av nynorsk. Eg synast ikkje eg har lært meg nynorsk ordentleg før eg vart vaksen. No.. nynorsk er vakkert. Det har karakter og det er slett ikkje så vanskeleg som alle ungdomane seier. Kva verdi har nynorsk for deg?

Kva har verdi for deg?

1 kommentar:

  1. Ka det e som har verdi for meg?
    Vel, språket i det heile tatt, dialæktan som forsvinn, aill engelsken som kommer inn...

    Ettersom individets fortreffelighet blir oppelska i norsk skolevesen, har æ meir og meir sansen for det kollektive som man finn i dugnadsarbeid, fellesarbeid, sammen-e-vi-sterk-holdninga!

    Stillheta, me rom for ettertanke, den står i sterk kontrast tel det hektiske livet der alt skal skje fort, på mobil, pc, tv, andre nye saker æ ikke vil prøve, æ træng meir ro no...
    Gla i dæ!

    SvarSlett

Jeg leser og setter stor pris på alle kommentarer.
I read and appriciate every single comment.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...