Hmm. Kva har eg fått gjort dette året. Kor mykje garn har eg brukt? Kor mykje har eg kjøpt? Eg trur ikkje eg klarar eller ynskjar å få oversikt over det. Men noko kan eg mimra kring. Og her er nokre av prosjekta gjennom året som har gått.
Årets mest brukte: Eg prøver å lage ting som blir brukt og som er praktiske, nokre blir alltid betre enn andre...
Og årets slager trur eg må vere ullbuksene til lillemor. Dei brukast stort sett kvar dag. Dei passar både under kjolar og under dress. Ho prøver å kle dei på seg sjølv og ho veit at når dei leitast frem, ja da, da skal vi ut ein eller annan stad.
Og historia med julestrømpen er sånn her. Storebror skulle levere suttene sine til nissen. For nissen veit kven andre som brukar sutt og kan gi dei videre til ungar som trenger. Som takk for suttane får han ein strømpe med godteri. Storebror er snill han og deler julegodteri på julaften morgon med lillemor. ..og vips, vi har to sukkerhøye små.
Årets artigaste: hmm. Lue m øreklaffar, den har det iallefall blitt fleire av og eit mønster. Eller krona.
Krona var årets julestrikk. Ein til storebror, ein til ein venn i bursdag og det er allerede lagt inn bestilling i fleire fargar til fleire bursdagar. Fort å strikke, enkel TVstrikk og putt i maskina, ferdig!
2013 og forbedringer: Kjøpe mindre garn, bruke av garnlageret... ennu fleire praktiske og brukande ting... Bli flinkare å føre opp kva eg bruker av materiale og lagar av ting.
Med ønsker om eit fantastisk nytt år!
Bente Simone
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Jeg leser og setter stor pris på alle kommentarer.
I read and appriciate every single comment.