Eg hadde noko deilig tjukt garn liggande. Blanding av ull og lin blant anna. Tre fargar, kvit, grå og mørk grå. Ikkje sikker på kor langt det rekk og tenkte difor å strikke topdown. Men så har eg eit mønster eg ynskja å gjere i stort format, og til det passa ikkje topdown. Så eg teller og prøver og byrjar frå bunnen av. Bolen e nesten klar, ligg på vent.
Også satt eg og leste i ein blogg om Magic loop, så i ein anna blogg. Og tenkte, kor lurt!
Og heiv eg meg i gang. Men ikkje med ein arm. Eg må jo gjere det tyngst mogleg, så eg la opp til to ermar på ein gang (etter å ha studert Magic loop på youtube og vimeo).
For å få dette til treng eg ein lang, mjuk rundpinne. Det har eg. Eg treng to nøster garn. OK. Da settar eg i gang. Men usj og usj for kludder. Drage på denne lange kabelen, trådendar og garnnøstar i eit einaste stort sammensurium. Kva gjer eg feil?
Ein litt kortare kabel og nokre omgangar strikka og det ble med eit mykje lettare. Så no er eg i gang med armane.
Medan bolen ligg og ventar. Litt kort ennu, men han ventar på å sjå kor mykje garn eg har etter at armane er strikka.
Eg ønsker dykk alle ei fin veke!
Bente Simone
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Jeg leser og setter stor pris på alle kommentarer.
I read and appriciate every single comment.