onsdag 1. mai 2013

..på pinnane no..

Arbeidernes dag, og kva passar vel betre enn å vise frem kva eg arbeidar på no.
 
Eg leste ein stad, det er ikkje uvanleg å ha mange prosjekt på ein gong. Er ein ullgalen og kreativ, kanskje også i overkant impulsiv, så blir det fort meir enn eit prosjekt i kurvane. Og no held eg i alle fall på med.. 
ei jakke til meg sjølve.
Sokkar til storebror, han ønska likeeins som pappan.
I alle fall heklekanten att på denne gardinen. 
Eg trur ein halvferdig slik ein i ei mappe.. 
Fortfarande dette heklepleddet, men snart.  
Melkers til bror, men den er det veksarmonn i. 
Eit nytt garn, ein liten kjole... bortprioritert.
Har kommet lenger enn på biletet, ei sommar T-skjorte til meg sjølve...
 
Så var det alle prosjekta eg anten ikkje har bilete av eller har gløymt bort. Eg veit eg held på med eit vognteppe/ pledd i hekling og gimping. Ein liten genser som kanskje no blir ei bestefartrøye etter nøstebarnoppskrift. Eit saktearbeid til legging av ungane må ein jo også ha, så på soverommet ligg eit rillestrikka pledd. Møte- og ventearbeid, ein hekla bamse.
 
Det byrja bli litt mange, så no jobbar eg med å få fleire ferdig før eg får lov å byrje på noko nytt... Men ein kan jo drømme og planlegge og ønske imens...

1 kommentar:

  1. Her var det mykje fint og spennande på gang :) Blir kjekt å sjå det ferdig. God helg.

    SvarSlett

Jeg leser og setter stor pris på alle kommentarer.
I read and appriciate every single comment.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...