tirsdag 5. mai 2015

Mange prosjekt

Det ser ut til at eg ikkje er spesielt monostrikkar, berre akkurat no vekslar eg mellom tre forskjellege blå strikkeprosjekt. Eit er ein genser til meg sjølv, strikka i silkeulla fra nøstebarn, lammeull fra Rauma og PT2. Han får nokre striper, litt ulike erme og blir litt laus i passformen.
Eg strikkar han fra toppen og ned. Rillar øvst og ei raglanøkning til erma. Og gler meg til han er ferdig. Allikevel har han måtte vike for to andre prosjekt. 
 
Det neste er ei kappe til prinsessa, ho ønskte seg ei. Og eg hadde noko svale liggande. Eit deilig garn, ei blanding av bomull og viskose. Mjukt, delar seg lett, så det er ikkje berre enkelt å strikke med.
Men sjå den glansen. Det blir så fint til slutt! Og til denne er ferdig er det nok prinsessa som gler seg meir enn eg gjer.  
Det siste prosjektet er snart ferdig. Eit sjal, strikka med rillar og ein blondekant. Eg har nett teikna korleis eg skal gjere det med blondekanten rundt spissen av sjalet. 
Så nokon monostrikkar er eg ikkje. Eg må ha eit prosjekt til TV sjåing, eit til møte, eit til .. og eit til når eg ikkje ork tenkje... når eg berre treng å gjere noko.

 
A lot of projects
Right now I have three different blue knitting projects. One sweater for myself, knitted in three different shades of blue, three different yarns, all lamb wool, one mixed with silk. The sweater is striped, knitted top down, and have a loose fit (I hope), a mix of garter stitch and stockinette and raglan sleeves. I'm so excited to finish this one. Even though, I'm knitting on a cape for my little princess. The last project, a shawl, is almost finished. Garter stitch and a lacy edge. I'm currently constructing the lace corner. One knit work for every occation.
 

1 kommentar:

  1. Hilsen til deg. Jeg elsker blå. Ønsker deg masse strikkeglede. Jeg har i gang mange prosjekter også...
    og håper jeg kan presentere snart. Gleder meg å se dine prosjekte. Ha en riktig god uke.
    Hilsen til deg fra Viola

    SvarSlett

Jeg leser og setter stor pris på alle kommentarer.
I read and appriciate every single comment.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...